Tilbod skuleåret 2012-13

Frå hausten 2012 vil Vinterlandbruksskulen gi tilbod om undervisning både på Særheim og på Helleland.

På Særheim vil vi tilby faga Plante- og husdyr, Gardsdrift, Økonomi og driftsleiing, og Traktor og maskin.

På Helleland faga Gardsdrift og Utmark og kulturlandskap.

Vi tar imot fleire søknadar sjølv om den ordinære fristen nå er over, men det er nå ventelister i faget Plante- og husdyrproduksjon. I Gardsdrift, Økonomi og driftsleiing og Traktor/Maskin på Særheim er det fortsatt nokre ledige plassar. På Helleland tar vi og fortsatt imot fleire elevar.

Jubileumsfest

Vinterlandbruksskulen feiret sine 100 år med 99 deltakere på jubileumsfesten i Klepp rådhus fredag 11. november. Bjarne Undheim holdt festtalen og Rita Fotland underholdt med sang og trekkspill.

Varaordfører Ausdal Rasmussen hilste fra Klepp kommune. Det samme gjorde  ordfører Mons Skrettingland fra Hå og varaordfører Frode Fjeldsbø fra Gjesdal. Landbruksdirektør Hadle Nevøy ovverakte en sjekk på 50.000 kr til markedsføring og rekruttering av nye elever på vegne av Fylkesmannen, Fylkeskommunen og Rogaland landbruksselskap

Tidligere rektor Ola Hovda fikk overrakt Buddes Jærpris for sin innsats med å etablere Høgskulen for landbruk og bygdenæringar.

fylkesmann

 

Rekordmange elevar

Skuleåret 2011/2012 har starta med rekordmange elevar, heile 65 i alt.

Dei fleste tar to av faga om gongen, mens nokre få har heile tre fag og nokre andre berre eit fag. Fordelinga på klassane er slik:  20 på Plantedyrking, 24 på husdyr, 15 på Utmark, 29 på Gardsdrift, 21 på Økonomi og driftsleiing og 9 på Økologi 1. I alt utgjer dette mellom 18 og 19 såkalla heiltidselevar.

 

45 elevar skuleåret 2010/2011

Vinterlandbruksskulen starta opp skuleåret torsdag 19. august med ein samling for alle elevar. Skulen har dette året i alt 45 elevar som tar ein eller fleire modular.

Mest populær er modulen Plantedyrking med heile 28 i klassen, mens Husdyr og Utmark følgjer med 20 elevar i kvar klasse.

All undervisning skjer nå på kveldstid måndag – torsdag med nokre få unntak der enkelte modular har undervisning  2-3 gonger på dagtid i løpet av året.

Om VLJ

Vinterlandbruksskulen på Jæren
Skulen tilbyr agronomutdanning på grunnlag av godkjend læreplan i felles programfag Vg3 landbruk, under utdanningsprogram for naturbruk.

Undervisninga skjer i hovudsak på kveldstid måndag – torsdag, men du må rekne med 2-3 dagar med  undervisning på dagtid i kvart fag. Slik undervisninga nå er lagt opp må du ta agronomkurset over to eller fleire år. Du kan velje å ta eitt eller fleire av programfaga om gongen.

Når du har teke tre obligatoriske og to valfrie programfag blir du agronom.

 Skulen held nå fast til på Særheim i Klepp.

Kontakt VLJ

Vinterlandbruksskulen på Jæren
Postvegen 213
4353 Klepp Stasjon
Tlf. 51 79 94 00
Fax 51 79 94 01
epost: post@vlj.no

Agronomkurset

Agronomkurset fører fram til eksamen i alle faga som du treng for agronomutdanning, og er forankra i godkjend læreplan i felles programfag Vg3 landbruk, under utdanningsprogram for naturbruk.

Ved Vinterlandbruksskulen kan du velje å ta dei ulike programfaga kvar for seg eller fleire om gongen, slik at du kan ta agronomkurset over to eller fleire år.

Les mer...

Logg inn It's learning

Lenker

hlb