Vinterlandbruksskulen på Jæren Bli agronom
Vinterlandbruksskulen på Jæren er ein skule med rike tradisjonar. Det overordna målet er at Vinterlandbruksskulen skal gi kunnskap, inspirasjon og framtidstru til landbruksnæringa.
Skulen er lokalisert ved Øksnevad vidaregåande skule, og undervisninga er i denne skulen sine undervisningsbygg.
Frå hausten 2023 planlegg vi å starta opp undervisning på Helleland Grendehus i tillegg til å ha undervisning i lokala til Øksnevad vgs.
Måndag 6. februar kl. 19.00 blir det informasjonsmøte på Helleland Grendehus om oppstart av undervisninga der og planane framover.
Agronomutdanninga
Undervisningsopplegget er spesielt lagt til rette for nyetablerte og framtidige bønder, men passar òg godt for ungdom som ønskjer å arbeide i nær tilknyting til landbruket.
Undervisninga skjer i hovudsak på kveldstid måndag – torsdag, men du må rekne med 2-3 dagar med undervisning på dagtid i kvart fag. Slik undervisninga nå er lagt opp, må du ta agronomkurset over to eller fleire år. Du kan velje å ta eitt eller fleire av programfaga om gongen.
Når du har teke tre obligatoriske og to valfrie programfag, blir du agronom.
Kontakt oss
T: 51 22 74 50
E: post@vlj.no
Jærvegen 996
4351 Kleppe
Fyll inn skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.
Agronomkurs
Agronomkurset fører fram til eksamen i alle faga som du treng for agronomutdanning etter godkjend læreplan i felles programfag Vg3 Landbruk under utdanningsprogram for Naturbruk.
Ved Vinterlandbruksskulen kan du velje å ta dei ulike programfaga kvar for seg eller fleire om gongen, slik at du kan ta agronomkurset over to eller fleire år.