Praktisk informasjon

Skulen er godkjend etter lov om private skular med rett til statstilskot, og tilbyr for tida agronomutdanning på grunnlag av godkjend læreplan i felles programfag Vg3 landbruk, under utdanningsprogram for naturbruk.

Skulen er lokalisert i leigde kontor saman med Geno på Særheim. Undervisninga føregår på Veksthusloftet på Særheim frå hausten 2024 og på Helleland Grendehus.

Opptakskrav

Kravet til opptak ved skulen er at eleven må vera 19 år eller eldre, i tillegg må han/ho ha minst eit halvt års jordbrukspraksis. Søknadsfristen er 1. mars. Vi tar òg imot søknader etter 1. mars og vil ta opp søkjarar fortløpande så lenge det er plass ved skulen. Du kan ikkje søkja opptak ved…

Lånekassen

Som elev ved Vinterlandbruksskulen, kan du søkje om lån og stipend frå Lånekassen. Det er mogleg å få støtte for deltidselevar etter same andel som dei ulike faga utgjer, 34 %, 17 % osv. av satsane som gjeld for heiltidselevar. Dei ulike modulane er vekta slik: Plante- og husdyrproduksjon 34 %, Gardsdrift 17 %, Utmark…

Realkompetansevurdering

Alle søkjarar over 25 år som har brukt retten sin til vidaregåande utdanning, må legge fram ei realkompetansevurdering i dei fem faga (eller dei faga du ønskjer å ta) på Vg3 Landbruk for å bli tatt opp ved skulen. (Privatskulelova § 3.1.) Vinterlandbruksskulen på Jæren har ikkje høve til å gi deg opplæring i skulefag…

Kven er elevane våre?

Den typiske eleven ved Vinterlandbruksskulen er ei kvinne eller ein mann i midten/slutten av tjueåra som før eller seinare skal overta ein gard i området. Dei fleste har gjerne ei fagutdanning med fagbrev frå før, men vi har òg elevar med høgare utdanning innan undervisning, helse eller økonomisk/tekniske fag. Dei fleste er i fullt arbeid og kombinerer utdanninga…

Timeplan

Undervisninga startar i midten av august og varer til midten av april. Eksamen i mai. Dei ulike faga blir undervist på kvar sine kveldar. Plante- og husdyrproduksjon: Måndag og onsdag Gardsdrift: Tysdag, og i tillegg onsdagar i november, desember og januar Utmark og kulturlandskap: Onsdag (ikkje undervisning desember og januar) Maskinar og teknologi: TysdagØkonomi og driftsleiing: Torsdag, og i…

Eigenbetaling

Vi har ei eigenbetaling for elevane på kr 1.500 for kvart fag med unntak for plante- og husdyrproduksjon der prisen er kr 3.000. Ved å gå på Vinterlandbruksskulen får du høve til å få fleire kompetansebevis som du treng som bonde i dag, til dømes autorisasjonskurs i plantevern, HMS-kurs, kurs i varme arbeid og kompetansebevis…