Agronomutdanninga

Agronomkurset fører fram til eksamen i alle faga som du treng for agronomutdanning etter godkjend læreplan i felles programfag Vg3 Landbruk under utdanningsprogram for Naturbruk.

Ved Vinterlandbruksskulen kan du velje å ta dei ulike programfaga kvar for seg eller fleire om gongen, slik at du kan ta agronomkurset over to eller fleire år.

Undervisning

Undervisninga føregår i leigde lokale ved Øksnevad vidaregåande skule i Klepp. Med nokre års mellomrom gir vi òg tilbod om undervisning på Helleland.

Frå hausten 2023 planlegg vi å starta opp undervisning på Helleland Grendehus i faget Plante- og husdyrproduksjon to kveldar i veka. Dei andre faga vil bli undervist på Øksnevad. I løpet av tre år vil vi tilby undervisning i alle faga på Helleland viss vi får nok elevar til å kunna starta opp tilbodet.

Undervisninga vil gå på kveldstid, normalt kl. 18.00 - 21.30, med enkelte utferder og praktiske øvingar på dagtid tysdagar og laurdagar.

Undervisninga startar omkring 20. august og vert avslutta midt i april året etter. Resten av skuleåret vert nytta til praksisopplæring på eigen gard, eller på godkjend vertsgard. Skuleåret sluttar med eksamenar i mai/juni.

Det er mulig å søkje om lån og stipend i Statens lånekasse.

Det er ei eigenbetaling på kr 1.500 pr. fag. For plante- og husdyrproduksjon kr 3.000.

Undervisningsopplegget er spesielt lagt til rette for nyetablerte og framtidige bønder, men passar òg godt for ungdom som ønskjer å arbeide i nær tilknytning til landbruket.

Som elev må du ha tilgang til eigen berbar datamaskin eller nettbrett. Det vil bli utstrekt bruk av den internettbaserte læringsplattforma Its learning.

Skulen må ta atterhald om at det melder seg eit tilstrekkeleg tal elevar for å kunne gi tilbod om opplæring i kvart enkelt programfag.

Ku redigert høydebilde

Elevpraksis

Den praktiske delen av opplæringa kan du gjennomføre på heimegarden din, eller på ein gard som skulen godkjenner som praksisplass.

Gards- og bedriftsbesøk og fagturar har ein viktig plass i opplæringa.

Kontakt oss

Har du spørsmål eller vil vite meir. Kontakt oss på telefon 51 22 74 50 eller e-post post@vlj.no. Du kan òg nå oss via kontaktskjema. Fyll inn skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.

DSC_0280_edit

Har du spørsmål eller ønsker å vite mer. Kontakt oss telefon 51 22 74 50 eller post@vlj.no. Eller fyll inn skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.

Les meir om våre fag

Plante- og husdyrproduksjon

Utmark og kulturlandskap

Gardsdrift

Maskinar og teknologi

Økonomi og driftsleiing