Maskinar og teknologi

Dette er faget for dei som vil læra meir om maskinar og teknologi. Gjennom undervisning, praktiske øvingar og bedriftsbesøk går vi gjennom mange av dei maskinane som vert nytta i landbruket. Målet er at de skal læra korleis maskinane vert nytta, og korleis dei skal vedlikehaldas.

Dei som har liten eller ingen erfaring i bruk av traktor, får ei enkel opplæring i dette.

Det vert gjennomført godkjent kurs i varme arbeid. Vi har praktiske øvingar i sveising og varming, samt å utføra enkle reperasjonar.

Undervisninga har ei praktisk tilnærming der målet er at ein skal ha nytte av det ein lærer i kvardagen. Det vert lagt vekt på å kunna vurdera ulike maskinar, fordelar og ulemper med dei, og korleis dei påverkar økonomi og miljø.

Aktuelle tema: 

  • Traktor og transport
  • GPS i landbruket
  • Jordarbeiding
  • Grasutstyr
  • Gjødselutstyr og gjødsling
  • Plantevern
  • Kurs i varme arbeider

Kontakt oss

Har du spørsmål eller vil vite meir? Kontakt oss på telefon 51 22 74 50 eller e-post post@vlj.no.

Du kan òg nå oss via kontaktskjema. Fyll ut skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.

Fyll inn skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.