Opptakskrav

Kravet til opptak ved skulen er at eleven må vera 19 år eller eldre, i tillegg må han/ho ha minst eit halvt års jordbrukspraksis.

Søknadsfristen er 1. mars.
Vi tar òg imot søknader etter 1. mars og vil ta opp søkjarar fortløpande så lenge det er plass ved skulen.

Du kan ikkje søkja opptak ved skulen medan du går i lære (ikkje har avslutta vidaregåande opplæring), men du kan likevel søkja skulen viss du skal ta fagprøva før skulestart i august det året du søkjer. Du vil då kunne bli tatt opp etter at fagprøva er bestått.

Søkjarar som er over 25 år, må gjennom ei realkompetansevurdering frå fylkeskommunen før dei kan bli tatt opp som elevar. Sjå meir om dette under eige punkt i menyen.

Kontakt oss

Har du spørsmål eller vil vite meir? Kontakt oss på telefon 51 22 74 50 eller e-post post@vlj.no.

Du kan òg nå oss via kontaktskjema. Fyll ut skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.

Fyll inn skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.