Om skulen

Vinterlandbruksskulen på Jæren er ein skule med rike tradisjonar. Det overordna målet er at Vinterlandbruksskulen skal gi kunnskap, inspirasjon og framtidstru til landbruksnæringa.

Stiftelsen Vinterlandbruksskulen på Jæren fører vidare eit interkommunalt samarbeid om landbruksopplæring som starta i 1911. 13 kommunar står nå bak skulen, og kommunestyret i kvar kommune oppnemner kvar sin medlem til styret for skulen. Dei 13 kommunane er Bjerkreim, Eigersund, Gjesdal, Hå, Klepp, Lund, Randaberg, Sandnes, Sirdal, Sola, Sokndal, Stavanger og Time.

Skulen er godkjend etter lov om private skular med rett til statstilskot, og tilbyr for tida agronomutdanning på grunnlag av godkjend læreplan i felles programfag Vg3 landbruk, under utdanningsprogram for naturbruk. Formålet til skulen er å gi ei god tilpassa opplæring til vaksne som ønskjer slik utdanning.

Skulen er lokalisert i leigde kontor saman med Geno på Særheim. Undervisninga føregår på Veksthusloftet på Særheim frå hausten 2024 og på Helleland Grendehus.

Skulen er ein del av Rogaland Landbrukspark på Særheim.

Kontakt oss

Har du spørsmål eller vil vite meir? Kontakt oss på telefon 51 22 74 50 eller e-post post@vlj.no.

Du kan òg nå oss via kontaktskjema. Fyll ut skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.

Fyll inn skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.